Dugnad for arbeidsinkludering

Trollheimsporten/Karstein Mauset, 02.03.2018:

«Ringer i vannet» heiter NHO`s prosjekt for å få fleire inn i arbeidslivet. Det er så mange som 120.000 som står litt på utsida av arbeidslivet av forskjellige årsakar og som det vil bli viktige å få inn i fast arbeid, sidan arbeidskraft blir ei stadig større mangelvare.

Slik arbeidsmarknaden er slik som no, trengs det fleire arbeidstakarar. Det blir stadig fleire som går av med pensjon, og mange utenlandske arbeidarar som har vore her i Noreg fram til no, har reist tilbake til heimlandet sitt, då arbeidsmarknaden der har teke seg opp og løningene har stege. Difor trengs det eit løft til for å få så mange som mogleg ut i arbeid i Noreg.

Trollheim AS er ei av fem arbeids- og inkluderingsbedrifter i Møre og Romsdal, som skal prøve å kartlegge behovet lokalt næringsliv har for arbeidskraft. Utifrå behova, skal det rekruterast arbeidarar som næringslivet treng. Der er viktig med god dialog mellom rekruteringsbedriftene og bedriftene lokalt, slik at det blir kartlagt kva behovet er, og kva som kan gjerast for å tilrettelegge arbeidsoppgåver slik at folk med utfordringar kan få seg ein jobb.

Direktøren i  Arbeid & Inkludering i NHO Service, Kenneth Stien, kunne fortelja at det har vore svært gode resultater og at 7000 mennesker har fått seg jobb etter at prosjektet starta. Satsinga er eit samarbeid mellom NAV, arbeids og inkluderingsbedriftene i NHO, og NHO.

Dagleg leiar i Trollheim AS, Lars Inge Kvande, ønskjer at bedrifter tek kontakt, slik at det kan starta ein dialog om behova bedrifta har. Både på kort og lang sikt.

… «

Les om «Ringer i vannet» (ny fane).

NHO Arbeid & Inkludering besøkte Trollheim AS